Nesholmen Leirstad ved Eimhjellvatnet — raud trebygning med kanoar ved vatnet

Nesholmen Leirstad — Hyen

Staden der nesten alt kan skje!

Nesholmen er staden for aktiv fritid — med flotte badeplassar, fiskeplassar og ven natur som innbyr til fine turar i skog, fjell og kulturlandskap.

Om oss

Velkomen til Nesholmen

Nesholmen er staden for naturopplevingar for heile familien. Plassen ligg sentralt plassert ved rv. 615 med Florø, Førde og Sandane innanfor ein radius på ein time.

Med Eimhjellvatnet som næraste nabo kan vi by på flotte badeplassar, sandstrender og svaberg og fine fiskeplassar frå land og i båt. Kano og robåt kan du også leige hjå oss.

Nesholmen har eit stort uteområde med banar for fotball, sandvolleyball, basketball og leikeplass. Vi er godt tilrettelagt for funksjonshemma både inne og ute, og har ein motorbåt som er tilpassa rullestolbrukarar.

Nesholmen er eigd av Sogn og Fjordane KFUK/KFUM. Vi har ein total sengekapasitet på ca. 100 senger vår, sommar og haust.

Nesholmen leirstad med born og unge utandørs — raud bygning og fjell i bakgrunnen

Overnatting

Overnatting i trygge omgivelsar

På Nesholmen kan du overnatte til ein rimeleg pris. Vi har plass til rundt 100 personar fordelt på fleire bygningar.

Overnattingsrom i Nystova

Nystova

To etasjar med stove og kjøkkenkrok. WC og dusj i kvar etasje, handicaptoalett i fyrste etasje. TV i kvar etasje.

  • 11 rom med 2 senger
  • 9 rom med 3 senger
Rom i Pensjonatet

Pensjonatet

Enkel og komfortabel overnatting i den historiske pensjonatbygningen.

  • 5 rom med 2 senger
Hytte på Holmen ved Nesholmen

Hyttene på Holmen

Fleire hytter med ulik storleik — Andersstova, Bakkehuset, Bua og Hjortsetbua. Eige sanitærbygg med dusj, WC og kjøkken.

  • Andersstova: rom for 4–7 + hems
  • Bakkehuset: 6 rom (2–9 senger)
  • Bua: 1 rom med 8 senger

Nilsstova — Festlokale

Samlingshuset på Holmen er i gamal stil og kan brukast som festlokale for arrangement opp til 20 personar.

Camping

Det er mogleg å bu i telt, bubil og campingvogn (kun 10A straumkontakt). I vintersesongen har vi sengekapasitet i underkant av 50 senger.

Arrangement

Ein fabelaktig natur for ditt arrangement

Nesholmen har moglegheitar for dei fleste typar arrangement. Som vi seier: staden der nesten alt kan skje! Ein fabelaktig natur skapar ei ugløymeleg ramme rundt arrangementet ditt.

Vanlege arrangement

Juni

Sommarleir

Juni

Aktivitetsleir

August

Nesholmstemne

Oktober

Hausttreff & K-helg

Ta gjerne kontakt dersom du planlegg eit arrangement. Ingen er for små og ingen for store!

Planlegg arrangement
Langbord dekt til selskap ved Nesholmen med utsikt over vatnet Koselig stove med peis på Nesholmen Uteaktivitet ved Nesholmen med born

Aktivitetar

Aktivt opphald ved vatnet

Vi kan tilby ei mengde av aktivitetar på Nesholmen og i området rundt. Vi strekk oss langt for å tilfredsstille dine ønsker.

Kanopadling på Eimhjellvatnet

Padling og båt

Lei kano og robåt hjå oss og utforsk Eimhjellvatnet. Flotte badeplassar, sandstrender og svaberg.

Fisk fanga i Eimhjellvatnet — ørret

Fiske

Fine fiskeplassar frå land og i båt. Eimhjellvatnet byr på gode moglegheiter for sportsfiske.

Born med kanoar ved stranda på Nesholmen

Friluftsliv og sport

Fotball, sandvolleyball, basketball, leikeplass, og flotte turar i skog, fjell og kulturlandskap.

Kontakt oss slik at vi kan legge til rette for ditt opphald og dine aktivitetar!

Anders Hjorteset — ein av grunnleggarane av Nesholmen Leirstad

Anders Hjorteset

Historie

Kort om lang historie

«Eg er på leiting etter ein leirplass, Anders». «Eg veit plassen». Denne opninga av ei samtale mellom Magnus Hauge og Anders Hjorteset blei innleiinga til ei spennande historie om Nesholmen Leirstad i Hyen.

Mange ungdomar reiste gjerne lange vegar for å oppleve fellesskapet på ein kristen leir. Då Hauge i 1943 fekk sjå staden, blei han begeistra: «Dette er beste plass som finst til å ha ein leirstad for ungdomen i Nordfjord!»

Biskop Ragnvald Indrebø vigsla den store, raude bygningen med internat og kapell 22. juni 1951. Snårt var ein i gang med leirar for ulike aldersgrupper av born og unge.

I 1975 stod nybygget på vel 400 kvadratmeter ferdig. Nystova blei bygd i 1984 og gav plass til over hundre personar. Les meir i boka av Oddvin Lotsberg: «Liv i leiren – Nesholmen 50 år.»

Galleri

Bilete frå Nesholmen

Nesholmen hovudbygning ved vatnet
Kanopadling
Vedhogging ved vatnet
Born som leikar ute
Bål ved vatnet
Flåtebygging på vatnet
Trommespeling innandørs
Festbord
Ringhytta

Kontakt

Ta kontakt med oss

Ønsker du å bestille overnatting eller få meir informasjon om Nesholmen? Send oss ei melding eller ring for ein hyggjeleg prat!

Kontaktinformasjon

Adresse

Nesholmen, 6829 Hyen

Vil du støtte Nesholmen?

Kontonummer: 3700.20.30560

Send oss ei melding